Mosterhamn

Mosterhamn

Mosterhamn er ein av tettstadane i Bømlo kommune. Staden ligg på øya Moster søraust i kommunen. Tettstaden har ca.1 300 innbyggjarar. Moster gamle kyrkje er eit av dei enklaste kyrkjebygga i landet, og står på historiske Moster. Snorre fortel at Olav Tryggvason feira messe og grunnla ei kyrkje her i 995. Olav den heilage og biskop Grimkjell heldt ting på Moster i 1024 der kristenretten eller kyrkjeordninga i Noreg blei innført.

I ei nedlagd marmorgruve ligg Moster Amfi - og kyrkjehistoriske senter idyllisk til. Moster Amfi si viktigaste oppgåve er formidling av den nasjonale kyrkjehistoria som har sitt utspring i to viktige hendingar på Moster.

video av Atle Johannessen er link fra YouTube 

Link til YouTube

Her er eit kart over Totlands innmark anno 1877. Har teikna inn hus og vegar frå dette kartet og lagt det inn over eit moderne kart. Ganske dyktig gjort av kartteiknaren, sidan grensene stemmer ganske godt med dagens moderne kart. Av. Ola Jan Grindheim.  

Bildegalleri