Steder å besøke
Kullesiedkanalen Gjestehamn
Kulleseidkanalen Gjestehamn
Ny gjestehamn ved Kulleseidkanalen! – Me har bygd og pussa opp og gler oss til å ta i mot gjestane som tar turen innom oss, perla ved den ytste av kanalane på Bømlo. Vakn opp i ei lun hamn omgitt av vakker natur, berre få minutt frå storhavet. Sett kursen mot 59°44'32.1″N og 5°14'06.9″E og du kan legga til kai på ein av våre 40 båtplassar. Eller komma med bubil og kopla deg til, kopla av og nyta dagen. Video av Geir Einarsen. Link til YouTube
Mosterhamn
Mosterhamn er ein av tettstadane i Bømlo kommune. Staden ligg på øya Moster søraust i kommunen. Tettstaden har ca.1 300 innbyggjarar. Moster gamle kyrkje er eit av dei enklaste kyrkjebygga i landet, og står på historiske Moster. Snorre fortel at Olav Tryggvason feira messe og grunnla ei kyrkje her i 995. Olav den heilage og biskop Grimkjell heldt ting på Moster i 1024 der kristenretten eller kyrkjeordninga i Noreg blei innført.
I ei nedlagd marmorgruve ligg Moster Amfi - og kyrkjehistoriske senter idyllisk til. Moster Amfi si viktigaste oppgåve er formidling av den nasjonale kyrkjehistoria som har sitt utspring i to viktige hendingar på Moster.
video av Atle Johannessen er link fra YouTube
Her er eit kart over Totlands innmark anno 1877. Har teikna inn hus og vegar frå dette kartet og lagt det inn over eit moderne kart. Ganske dyktig gjort av kartteiknaren, sidan grensene stemmer ganske godt med dagens moderne kart. Av. Ola Jan Grindheim.
Kalksteinsbrenning på Moster
Espevær
Ytterst på vestlandskysten, i Bømlo kommune finner du Espevær. Et av norskekystens små paradis, et særpreget fiskevær, rikt på kulturminner. For 100 år siden var det knapt en fisker med respekt for seg selv som ikke hadde tilbrakt en natt på det lokale vertshuset Baadehuset. På midten av 1800-tallet kunne det være 20 000 - 30 000 mennesker på øya når silda kom! Til sammenligning var det i Bergen på denne tiden 26 000 innbyggere.
I dag er innbyggertallet ca 100. Espevær er et livskraftig samfunn. Øya har butikk, post, bank, Serveringssted/Pub, barnehage og skole. Du parkerer trygt i Eidesvik på Bømlo, hvor skyssbåten Rose Ekspress går i fast rute ut til øya.. Kilde: Visit Espevær. Video Jan-Petter Dahl